DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV UNIVERSITETET I AGDER – LES MER.

– Robotar som vil fungere godt i eit heimemiljø, er mykje nærare i tid no som har komme så langt, seier forskar Linda Sørensen.

Folk er positive til heimehjelp-robotar. HVOR TAR DE DETTE FRA??

Men det er kanskje ikkje dei eldre som får ta robotane i bruk først.

Walter Norman WehusKOMMUNIKASJONSRÅDGIVERUniversitetet i Agder

Torsdag 20. juni 2024 – 04:30

Framtida er langt unna, heilt til den plutseleg er her.

Vi har venta forgjeves på flygande bilar. Robotar til heimebruk har verka like fjernt for oss – i alle fall slike robotar som kan avlaste heimesjukepleiarar og hjelpe oss med enkle oppgåver når vi blir gamle og sjuke.

– Eg mista litt motet då eg byrja å lese meg opp på forskinga på feltet. Nokre slike robotar har vore under utvikling sidan 2012. Framleis er det ingen av dei som er tekne i bruk heime hos dei som kunne trenge dei.

Det seier Linda Sørensen på Universitetet i Agder (UiA). Ho forskar på assisterande robotar i helsevesenet. 

Kunstig intelligens blir nøkkelen

Det som hindrar desse robotane i å bli verkeleg brukbare, er at det er vanskeleg å tilpasse tenestene til den enkelte brukaren.

For å ta eit døme: Om eg skal hente vatn til deg, er det ingen problem for meg å gi deg vatnet i ei flaske i handa, i eit glas med sugerøyr eller om du vil eg skal setje vatnet på bordet framfor deg. 

Slike ønske kan derimot lett stikke kjeppar i hjula for dagens robotar.

– Det har skjedd enorme framsteg innan kunstig intelligens. Neste generasjon robotar kan lære av eigne feil. Dei kan lære seg kva brukaren føretrekker. Robotar som vil fungere godt i eit heimemiljø, er mykje nærare i tid no, seier Sørensen.

Forskar på UiAs eigen robot

Den første generasjonen av slike assisterande robotar verkar langt frå slik vi ser dei i science fiction-filmar. Dei var enkle, skjermbaserte innretningar. Dei kunne minne brukaren på å ta medisinane sine eller la heimehjelpa kommunisere med dei over video.

Den andre generasjonen er dei som kan bidra fysisk. Dei som faktisk kan plukke opp ting frå golvet, hjelpe til med enkle oppgåver som mating og barbering, eller altså hente eit glas vatn.

– Slike robotar blir ikkje mykje brukte enno, og dei er ikkje lette å få tak i. Det var derfor eg ville gjere denne studien, seier Sørensen.

På UiA finst nemleg allereie roboten EVE. Det er ein norskutvikla, menneskeliknande robot. Forskarane på universitetet jobbar mellom anna med å finne ut korleis han kan bidra i helsevesenet.

– Ein av tinga eg ville finne ut, var kva brukarane sjølv tenkjer om å få hjelp av slike robotar. Vi må jo vite om dei synest det er OK før vi startar eit slikt prosjekt. Og heldigvis var mange positive, seier Sørensen.

Sørensen starta med å gjere ei såkalla kartleggingsoversikt for å sjå kva som finst av kunnskap på området.

Ei slik kartlegging gir forskarane høve til å hente inn kunnskap når dei jobbar med eit område der det er gjort lite forsking frå før. I ei kartleggingsoversikt ser forskarane både på artiklar presenterte på konferansar, artiklar i bøker og medieoppslag. 

Også tradisjonelle forskingsartiklar frå vitskaplege tidsskrift inngår i kartlegginga.

– Vi snevra det inn frå 8.000 til 44 artiklar. Eit av kriteria var at det skulle vere assisterande, menneskeliknande robotar. Vi fann 9 ulike slike robotar i forskinga. Det er med andre ord eit snevert felt, seier Sørensen.

Klumsete og bråkete

Det var nokre punkt som gjekk igjen i studiane Sørensen fann:

  • Dei fleste synest robotane var store, klumsete og trege i rørslene.
  • Fleire av robotane har kjøleviftar. Mange synest dei bråka mykje.
  • Dei færraste vil at robotane skal sjå for menneskelege ut.
  • Få var bekymra for knytt til å ha ein robot i huset.

I si eiga forsking har Sørensen intervjua brukarar med funksjonshemmingar. Dei fleste av dei har behov for mykje hjelp i kvardagen. Mange av dei har personlege assistentar.

Ho fann at for nokon oppgåver var deltakarane positive til å ta imot hjelp av ein robot framfor eit menneske.

– Nokon sa at dei kunne bli slitne av å heile tida måtte vere hyggjelege og takke for hjelpa. At det nesten var som å vere på jobb når assistenten var der. Dei såg for seg at nokon gonger ville det vere herleg å få hjelp av ein robot i staden, seier Sørensen.

Nokre av brukarane hadde behov for hjelp med repeterande og kjedelege oppgåver som dei syntest det var ubehageleg å spørje assistenten om. Sjølv noko så enkelt som å ete potetgull blir vanskeleg om ein ikkje kan bruke armane.

Kan avlaste helsepersonell

Sørensen fortel at då ho byrja å jobbe med robotar, var det mange som var negative til at dei skulle brukast i helsevesenet. No har dei kritiske røystene langt på veg stilna.

– Helsepersonell seier også at det gir spennande moglegheiter. Dei håpar at dei kan jobbe meir med sjukepleiefaglege oppgåver og få avlasting av robotar for dei praktiske oppgåvene som ikkje krev utdanning.

Ho seier det ikkje nødvendigvis er dagens eldre som først vil få ein fungerande robotassistent. Vi kjem nok heller til å starte med den gruppa menneske som lever med funksjonshemmingar og som har god erfaring med ulike typar og er litt uredde, trur Sørensen.

– Og når du og eg blir så gamle at vi treng denne teknologien, har vi sett så mange robotar i samfunnet at vi ikkje er redde for dei lenger. Då blir det enklare å ta i bruk ei slik ny teneste, seier ho.

Referansar:

Linda Sørensen, Dag Tomas Johannesen og Hege Mari Johnsen: Humanoid robots for assisting people with physical disabilities in activities of daily living: a scoping review. Assist , 2024. Samandrag. DOI: 10.1080/10400435.2024.2337194

Linda Sørensen mfl.: Care-receivers with physical disabilities' perceptions on having humanoid assistive robots as assistants: a qualitative studyBMC Health Serv Res, 2024. Doi.org/10.1186/s12913-024-10857-9

Artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder

Universitetet i Agder er én av over 80 eiere av forskning.no. Deres kommunikasjonsansatte leverer innhold til forskning.no. Vi merker dette innholdet for å tydelig skille formidling fra uavhengig redaksjonelt stoff.
Her kan du lese mer om ordningen.

Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:

Les flere artikler fra Universitetet i Agder her.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

UNIVERSITETET I AGDER ROBOTER TEKNOLOGI PARTNER HELSETJENESTER

Du vil kanskje også like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.