Ja så er norske myndigheter i gang i gjen.

Møte om afrikansk svinepest

Nyheit | Dato: 12.09.2023

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) hadde i dag eit nytt møte med Mattilsynet og for å bli orientert om status for utbrottet av afrikansk svinepest hos villsvin i , og for å diskutere nye tiltak for å forebygga smitte til Noreg.

Auka utbreiing av villsvin i Noreg utgjer ein stor trussel med tanke på introduksjon av afrikansk svinepest til Noreg. Mattilsynet og Miljødirektoratet utarbeidde i 2019 ein Handlingsplan mot villsvin. Målet er at det skal vera minst mogleg villsvin i Noreg, spreidd over eit minst mogleg område.

– Eg har også hatt ein samtale med min svenske kollega, landsbygdminister Peter Kullgren, og me vurderer begge situasjonen som alvorleg. Med bakgrunn i utbrottet i Sverige, har eg bede Mattilsynet vurdera behovet for å styrkja enkelte tiltak i handlingsplanen, og eventuelt etablera fleire tiltak for å redusera risikoen for smitte til Noreg. Det vil også vera tiltak som er viktige for å få bukt med ein framtidig mogleg smitte i Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Afrikansk svinepest er ein av dei mest tapsbringande virussjukdommane hos svin. Viruset smitter ikkje til menneske. Norske styresmakter følgjer utviklinga nøye.

Du vil kanskje også like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.