Ikkje hald deg heime av omsyn til klimaet.
Denne ytringen skal ikke stå uimotsagt. Kommer tilbake med en kommentar senere!
Gunnar GarforsGlobetrotter, føredragshaldar og forfattar
Publisert 27. des. kl. 16:37
Del på Facebook Del på Twitter Del på epost
Klimahysteriet har bokstavleg tala teke av, akkurat som flygemaskinene vi blir påført skam for å bruke.
Ikkje uventa er det verken konstruktivt eller effektivt å slenge rundt seg med vanære, det fungerer heller ikkje når det gjeld kropp, dialekt, val av kjærast eller ananas på pizzaen.
Kanskje på tide å pensjonere flyskam òg? Ikkje minst fordi vi faktisk bør flyge meir for klimaet.
«Vi må reise meir ut av den vestlege bobla vi tilhøyrer.»
Det høyrest ikkje spesielt logisk ut, la meg prøve å forklare:
Elefanten i rommet er verdas forsvar. Klimautsleppa relatert til drifta av alle militære styrkar er unnateke frå Kyoto- og Paris-avtalane. Eit gigantisk smotthol. Argumentasjonen er at slik informasjon kan avsløre militære hemmelegheiter og styrkeforhold stormaktene imellom.
Estimata sprikar, men vi snakkar om mellom 6 og 13,5 prosent av verdas utslepp.
Vi har nettopp forlate den rolegaste epoken i moderne historie, dei første 22 åra av det dette hundreåret. Sidan den tid har det eksplodert i Ukraina, Sudan og Palestina. Det første året av krigen rundt Dnipro-elva førte for eksempel til 155 millionar tonn med nye klimagassar. Det er 48 prosent av auken i verdas utslepp frå året før.
I tillegg kjem forureininga i samband med gjenoppbygginga av landet etter krigen.
«Klimahysteriet har bokstavleg tala teke av.»
Redsla for den russiske bjørnen har samstundes ført til opprusting over store delar av verda, sjølvsagt også på russiskvenleg side. Aldri har det blitt brukt meir pengar på bomber og granatar. 24.500 milliardar kroner er 50 prosent meir enn heile oljefondet.
Behovet for forsoning mellom nasjonar, menneske og kulturar er prekært og vi må jobbe hardt og aktivt for å få verda attende til pre-putinagressive nivå. Så snart som mogeleg må forsvarstalane for stadig større forsvarsbudsjett bli historie. Det kjem ei tid etter KGB-diktatoren også.
Dessverre er det ikkje nok å berre setje press på styresmaktene. Mange av dei leiast av sterke menn med store ego og høg grad av befolkningskontroll.
Det er på tide å utnytte forbrukarmakta til det ekstreme. Du og eg må ta ansvar og bestille lengre og færre flyreiser, ikkje fleire.
For vi må reise meir ut av den vestlege bobla vi tilhøyrer, ei trygg leikegrind velsigna med velfungerande infrastruktur, gode styreformer, høge snittløner, lange feriar og sterke pass. For å skjøne andre kulturar, sjå oss sjølve utanifrå, inngå venskap, motverke framandhat, byggje handelssamarbeid og senke skuldrer.
«Å reise bortom allfarveg slår på så mange måtar eit dusin helgeturar.»
I 2020 hadde det vore nok å byggje bruer på denne måten. Etter krigshissing på steroid må vi først tråkke opp stiar, reparere bygdevegar og planleggje autostradaer.
Betre kommunikasjon og tettare venskap på tvers av grenser vil bidra til å senke konfliktnivået mellom oss og det ukjende, dei litt skumle landa vi eigentleg ikkje veit så mykje om. Inni bobla, i den vestlege verda, er vi stort sett godt nøgde og vel forlikte.
I staden for å gjere Nato stadig meir trugande for dei som ikkje får vere med, eller å påføre våre verdiar på andre gjennom mjuk makt, må vi som ordinære borgarar ta ansvar og rekkje ut hender til likesinna i Kongo, Kiribati eller Russland.
Vel framme treng sjølv trauste og sjenerte nordmenn tørre å ta kontakt med dei som bur der. For deltek vi ikkje i samtalar og aktivitetar saman med dei lokale, blir ferdene reduserte til reine observasjonsopphald som ikkje tilfører noko meir enn ekstra mange hjarter på Instagram eller TikTok frå folk heime.
Interaksjon, samarbeid og samhald er essensielt, og kan ikkje bli sett ut til politikarar og andre som set turen på reiserekning.
«Du og eg må ta ansvar og bestille lengre og færre flyreiser.»
Som ein bonus forureinar kvar langdistansekilometer langt mindre enn om det er kort tid mellom avreise og innkomst. Flybensin brenn fortast i oppoverbakke.
Men for all del, medan vi ventar på elektriske jumbojetar så slepp fly framleis ut eksos og elende. Om lag like mykje som internett gjer, men berre halvparten av tekstilindustrien, ein fjerdedel av utsleppa frå kjøtproduksjon eller kanskje så lite som ein knapp sjudel av verdas militærmakter.
Flypassasjerar betaler dessutan miljøavgifter, det gjer ikkje nettroll, skjørtejegerar, kjøtetarar eller snikskyttarar.
«Kanskje på tide å pensjonere flyskam òg?»
Eg er ikkje ute etter å peike på ikkje-reiserelaterte utslepp for å betre eige samvit. Det essensielle er å bidra til endring over heile lina, å redusere klimagassproduksjonen og auke medvitet innan alle bransjar.
Legg verdas politikarar ned eit internasjonalt forbod mot å flyge i morgon, så vil vi eliminere usle 2 prosent av klimautsleppa. Om vi heller kuttar 20–40 prosent innan fe, forsvar, fashion, fabrikkproduksjon og facebookbruk og flyging, så minskar CO2-mengdene ti til tjue gonger så mykje.
Når vi først reiser med fly, så bør det altså vere på langtur for å knyte vennskapsband i annleisland. Då stimulerer vi heller lokale hotell- og restauranteigarar i Bujumbura enn milliardærar som eig kjeder i Berlin.
Å reise bortom allfarveg slår på så mange måtar eit dusin helgeturar i året til New York, Paris og London.
Og mellom dei fjerne reisemåla kan vi like godt ete på eminente etestover og utnytte banebrytande overnattingstilbod her heime som å valfarte til vestlege storbyar.
Publisert 27. des. kl. 16:37
Kommentar til ytringen:
Nei, vi må ikke fly mer
Ingen kan påstå at det er klimavennlig å fly til stillehavsøyer.
Sigmund Arntsønn TronvollFørsteamanuensis Institutt for maskinteknikk og produksjon, NTNU
Publisert i dag kl. 12:57
Del på Facebook Del på Twitter Del på epost
Å tåkelegge klimafeltet på den måten Gunnar Garfors gjør i ytringen «Vi må flyge meir» er på ingen måte konstruktivt.
Jeg ønsker ikke å diskutere hvorvidt begrepet flyskam hjelper oss eller ikke. Jeg er ikke i posisjon til å klage på hva folk gjør, med tanke på klimaavtrykk.
Folk får gjerne velge det klimaavtrykket de selv vil, men de bør gjøre det på et bedre kunnskapsgrunnlag.
Det er i hovedsak tre poenger Garfors kommer med som kan kritiseres:
1) Å reise, helst langt, gir bedre forståelse mellom folkeslag, og gir muligheter for nedrusting av forsvar og dermed reduserte klimaavtrykk.
2) Du bør også reise langt fordi lange flyreiser har «langt bedre» drivstofføkonomi på grunn av stort drivstofforbruk ved oppstigning etter takeoff.
3) Det finnes andre, enklere måter å redusere klimaavtrykk på enn å redusere reisevirksomhet, blant annet klesindustri, kjøttproduksjon og internett.
Alle disse påstandene er såpass misvisende at de fortjener å gjennomgås:
1) Denne påstanden baserer seg på at ditt besøk hos en fremmed nasjon bidrar til såpass mye forbrødring og nedrusting at ditt klimagassbidrag blir negativt. Det finnes ingen data på at noen slik sammenheng.
I tillegg er de fleste krigene mellom to naboland som denger løs på hverandre, diktert av ledere som i liten grad bryr seg om folkeopinionen, ofte på tross av relativt stor «forbrødring» og trafikk over grensen mellom landene.
2) Denne effekten avtar betraktelig med økende distanse, og etter litt over 2000 km er den ubetydelig.
Så når du har reist fra Oslo og kommet til Middelhavet er drivstofføkonomien per kilometer allerede nokså god.
For de aller lengste reisene forverres faktisk drivstofføkonomien da det ekstra drivstoffet som skal til for å kunne gjøre en langdistanseflygning sammenlignet med en kortdistanseflygning må også fraktes lengre før det blir brukt. Det mest drivstofføkonomiske per reise for å få varme sandstrender er derfor å reise sørover til den første passende destinasjonen.
Dette er for øvrig noe som er veldig likt nordmenns gjennomsnittlige feriemønster.
3) Grunnen til at klesindustri, kjøttproduksjon og internett har større globalt klimaavtrykk enn flyindustrien, er at betydelig flere folk globalt kjøper klær, kjøtt og bruker internett, enn det er folk som flyr.
I Norge står private flyturer for 750 kg CO₂ per person per år, og tilsvarer 16 prosent av de private utslippene, noe som tilsvarer nesten en flytur tur-retur Madrid. Tar du en tur til Kiribati
i Stillehavet, som foreslått av Garfors, slipper du ut over seks ganger så mye, og vil sannsynligvis ha et klimagassutslipp over 80 prosent høyere enn den jevne nordmann.
Forsvarssektoren i Norge slipper ut 1,3 millioner tonn CO₂ per år i direkte og indirekte utslipp, noe som er betydelig mindre enn de private flyreisene.
Det å avstå fra en flyreise, spesielt en veldig lang en, er dermed et av de mest klimavennlige valgene du kan ta.
Men for all del, folk skal få reise så mye de vil, men ingen bør prøve å rettferdiggjøre valgene sine med Garfors sin synsing.
+ There are no comments
Add yours