Pressekonferanse om koronasituasjonen

Pressemelding | Dato: 04.05.2021| Nr: 56/21

Statsminister inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen på Statsministerens kontor onsdag 5. mai kl. 13.00. Pressekonferansen vil mellom anna handle om framdrifta i arbeidet med å lage eit koronasertifikat.

Nett-tvKommerPressekonferanse om koronasituasjonen

Sjå sendinga her

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet vil òg vere til stades på pressekonferansen.

Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1.

Tid: Onsdag 5. mai kl. 13.00.

Påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag 5. mai kl. 09.00.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og fø at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK0505 i emnefeltet. Innsendingsfrist onsdag klokka 12.30. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 12.30. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Glacisgata. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id=’wowza_player’></div><script id=’player_embed’ src=’//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js’ type=’text/javascript’></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.

Pressekontakt for kultur- og likestillingsministeren er kommunikasjonssjef Marius Bakke, telefon 40 23 50 97, e-post marius.bakke@kud.dep.no.Statsministerens kontorHelse- og omsorgsdepartementetKulturdepartementet

TEMA

RELATERT

Du vil kanskje også like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.