Høyring | Dato: 27.01.2025
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i forskrift 7. mai 2021 nr. 1452 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta) § 5-1.
Status: På høyring
Høyringsfrist: 10.03.2025
KOMMENTAR: DA ER VI TILBAKE TIL FØR KRIGENS DAGER. OVERSIKT OVER DE SOM HAR VÅPEN I NORGE. DETTE VAR SOM FORVENTET!
Høyringsbrev
Vår ref.: 25/573
Høyring – forslag til endringar i våpenforskrifta – løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar som skal brukas av andre
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til endringar i våpenforskrifta § 5-1. Føremålet med forslaget er å tydeleggjere kva reglar som gjeld for å erverve og ha skytevåpen og våpendelar på vegne av nokon som grunna alder ikkje sjølv kan erverve og oppbevare desse våpena. I tillegg foreslår departementet å innføre eit krav om tilstrekkeleg våpendugleik hjå løyvehavaren.
Fristen for å svare på høyringa er måndag 10. mars 2025.
Departementet ber instansane vurdere om notatet bør leggjast fram for underliggande organ eller andre som ikkje er oppført på lista over instansar.
Høyringa er open og alle kan sende innspel til departementet. Merk at innspel er offentlege etter offentleglova og blir publisert i lag med dei andre innspela. Vi ber om at innspel sendast inn digitalt ved bruk av skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no.
Med hilsen
Birgitte Istad
avdelingsdirektør
Synne Midtgård
rådgjevar
+ There are no comments
Add yours