Barth Eide i Antarktis: Vurderer 3 mrd. til ny forskingsstasjon

Dei gamle bygningane skal vekk. Ein heilt ny forskingsstasjon skal byggjast opp frå grunnen av. – Dette er det mest spesielle oppdraget vi nokon gong har hatt, seier sjefen for Statsbygg.

RED VIL KOMME TILBAKE SENERE MED INNGÅENDE KOMMENTARER. DETTE ER EN MEGET VIKTIG POLITISK SAK!

har nettopp landa på Troll Airfield i .FOTO: EIVIND MOLDE / NRK

Eivind MoldeJournalist

Vi rapporterer frå Forskingsstasjonen Troll i Antarktis

Publisert 26. jan. kl. 22:45

Del på Facebook Del på Twitter Del på epost

CO₂ I ATMOSFÆREN

422,1 ppm

1,5-GRADERSMÅLET

+1,08 °C

Les mer om klima

Med Espen Barth Eide og tre statssekretærar i spissen, kom ein stor norsk delegasjon til forskingsstasjonen Troll torsdag for å vurdere prosjektet.

Etter 24 timar i innleigd fly landa eit reisefølgje med rundt 30 menneske på blåisen ved Troll-stasjonen. Seks dagar er sette av i kalenderen til studietur i Antarktis. Fire dagar på Troll, to dagar til reise.

Fem departement er representert: Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

På veg frå Troll Airfield til Troll.FOTO: EIVIND MOLDE / NRK

Topptung delegasjon

Forutan statsråd og statssekretærar, er det både rådgjevarar, ekspedisjonssjefar, avdelings- og fagdirektørar og departementsrådar med i gruppa på 13 frå regjeringsapparatet.

I tillegg er toppsjefane i Statsbygg, NILU, KSAT, Norsk romsenter, Meteorologisk institutt, Forskingsrådet og Norsk Polarinstitutt på plass i Antarktis, saman med fleire andre medarbeidarar i desse selskapa og organisasjonane.

Men på flyet var også forskarar og anna personell til Troll og til den tyske forskingsstasjonen i området.

Formålet med studieturen er først og fremst å få meir kunnskap om aktiviteten på Troll, kva rolle stasjonen har i norsk antarktisforsking og -politikk, og å få oversikt over behovet for oppgradering. Fleire nye forslag til utbygging vil bli presentert.

– Viktig tur

Espen Barth Eide ser fram til spennande og nyttige dagar i Antarktis.

– Er det nødvendig at politikarar og andre travle menneske skal bruke seks dagar på tur i Antarktis?

– Det tar jo litt tid dette, men det er jo ikkje så ofte det skjer. Det vi gjer, er å reise saman med det mannskapet som skal ned hit likevel, så vi er med på ein flyavgang som uansett ville ha gått. Eg meiner dette er ein viktig tur, både med tanke på dei konkrete spørsmåla som gjeld stasjonen, og for å få endå betre innsikt i forskinga her og kva som er i ferd med å skje med kloden vår, sett frå eit utgangspunkt som jo faktisk er norsk.

Les også:Overvakingskamera skal vise korleis fuglane har det i Antarktis

Troll stod klar i 1990, men blei berre brukt om sommaren. 15 år seinare var stasjonen oppgradert til heilårsstasjon, og blei opna av dronning Sonja. Etter snart 20 år under ekstreme verforhold er stasjonen i ferd med å gå ut på dato.

I 2020 slo Norsk Polarinstitutt fast at det var behov for ei kraftig oppgradering. Etter at Statsbygg har no har konkludert, er planen å byggje ein heilt ny stasjon.

Det er tre årsaker til at Statsbygg no er klar for sitt mest spesielle prosjekt nokon gong.

– Stasjonen har ei rest-levetid på mindre enn ti år. For det andre er kapasiteten for liten, og for det tredje er klimafotavtrykket dårleg. Det er nødvendig å få plass ei berekraftig energiforsyning, seier administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen.

Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen (t.v.) og direktør i Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund håpar på ny Troll-stasjon.FOTO: EIVIND MOLDE / NRK

Sol og vind

Nikolaisen fortel at all energi i dag kjem frå eit dieselaggregat.

– Ein ting er dieselbruken på stasjonen gjennom året. Men heile 60 prosent av klimagassutsleppa på Troll kjem frå transporten av diesel fram til stasjonen. No ønskjer vi å byggje ut med sol- og vindkraft på Troll. Dermed kan vi halvere klimagassutsleppa samanlikna med i dag. Det blir likevel nødvendig å bruke diesel, men berre som eit supplement.

Det mest spesielle med prosjektet er at det skal gjennomførast på ein stad som berre er tilgjengeleg i sommarperioden på vel tre månader, frå november til litt inn i februar. Utanom dette, er Troll fullstendig isolert, utan flysamband.

Kong Harald spøkte med dronning Sonja då han fortalde om besøket til forskingsstasjonen Troll i 2015.

Stor investering

– Vi må bruke prefabrikkerte modular som blir gjort klare i . Så må modulane sendast med skip over Sørishavet og fram til iskanten i Antarktis, der dei blir lossa på isen. Deretter må dei fraktast 29 mil, inn til Troll, med beltevogn. Heile operasjonen må skje over fleire sommarsesongar, og stasjonen må kunne vere i drift samtidig som arbeidet er i gang, fortel Nikolaisen.

Og han legg til:

– Det er krevjande, og det er ingen billeg måte å gjere det på. Men det er slik vi må gjere det.

– Og prislappen?

– Vi har laga fire ulike forslag som i pris varierer frå ein til 3 milliardar kroner. Dei to mest aktuelle alternativa ligg på 2 og 3 milliardar. Dei vil gje plass til 65 eller 100 personar, det siste er meir enn ei dobling samanlikna med i dag. Kva om blir valt, kjem an på ambisjonane til styresmaktene og dei som skal drive stasjonen.

Troll ligg på berggrunn i Dronning Maud Land, med is på alle kantar.FOTO: TRINE LISE SVIGGUM HELGERUD / NORSK POLARINSTITUTT

Meir plass til forsking

Troll er basen for all norsk forsking i Antarktis. Seks personar overvintrar her, og har ansvar for drifta av stasjonen i vintersesongen. Om sommaren, frå november til februar, er det opp til 45 menneske på Troll. Dei arbeider med vedlikehald av stasjonen. I tillegg kjem forskarar som arbeider med ulike prosjekt. Ein ny stasjon vil gje plass til fleire forskarar, og betre arbeidsforholda vesentleg.

Les også:Keisarpingvinen kan forsvinne

– Vi har bruk for ein moderne stasjon med større kapasitet, der fleire forskarar kan få plass, og kan jobbe med analyse av prøver inne på stasjonen. Stasjonen må vere trygg og driftssikker for mannskapa som skal vere her under ekstreme verforhold gjennom vinteren, og den må vere energieffektiv, slik at utsleppa blir mindre enn i dag, seier direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund.

Noreg er på 21.-plass

– Kva vil ein ny stasjon ha å seie for forskingsarbeidet her?

– Stasjonen vil gjere det mogeleg for Noreg å ta vare på den posisjonen vi har i forskingssamarbeidet i Antarktis på ein betre måte, og også auke aktiviteten. Noreg er på 21.-plass i antarktisforsking, målt i talet på forskingsrapportar, og det er ikkje bra nok, seie Misund.

Han minner om at Noreg var første land med folk på Sørpolen, at Noreg var den første nasjonen som hadde overvintrarar i Antarktis (Borchgrevink-ekspedisjonen i 1899-1900) og at Noreg har vore med på å utvikle Antarktistraktaten. Noreg gjer også krav på ein stor sektor av Antarktis, Dronning Maud Land, der Troll ligg.

– Noreg bør markere seg sterkare i Antarktis, særleg i ei tid der vi ser at klimaendringane gjer seg gjeldande også her, med store følgjer for økosystema og for begynnande smelting som kan påverke havnivået over heile verda.

Dronning Sonja opna heilårsstasjonen i 2005.FOTO: CORNELIUS POPPE

– Må forstå kva som skjer her

Det er Klima- og miljødepartementet som har gitt Statsbygg i oppdrag å finne løysingar for å oppgradere Troll. No er spørsmålet kva for eit alternativ som skal veljast. Det skal bestemmast i løpet av året.

– Det er for tidleg å konkludere. No er vi her for å setje oss inn i forholda på stasjonen, og vurdere kva for eit konsept som vil vere den beste løysinga. Her er det viktig å tenkje langsiktig. Når vi byggjer ein ny stasjon, skal han stå her i mange år, i eit tøft antarktisk miljø, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Han understrekar at stasjonen og aktiviteten her er svært viktig.

– Norsk nærvær i Antarktis er viktig. Med vår historie her på kontinentet, som polarnasjon, har vi eit stort ansvar. Stasjonen er eit viktig bidrag for å forstå det som skjer i Antarktis. Vi veit at polområda merkar klimaendringane aller mest. Det går raskast her. Det er viktig å forstå kva som skjer med kloden med utgangspunkt i Antarktis. Dette er viktig global forsking som Noreg bidrar til, seier Eide.

Eide ser for seg internasjonale samarbeidet kan bli forsterka når ein ny stasjon er på plass.

– Vi skal produsere meir kunnskap som verda kan bruke. Polområda er også ei påminning om at vi må få opp farten på omstillinga til grøne energisystem. Held vi fram som no, blir det til slutt ikkje nokon is igjen, og det vil ein merke same kvar ein bur på kloden.

Publisert 26. jan. kl. 22:45

Du vil kanskje også like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.