Pressemelding | Dato: 06.04.2023
På tide å stoppe disse kjeltringene.
Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland deltek på the North Sea Summit i Oostende i Belgia måndag 24. april. Tema for konferansen er samarbeid om fornybar energi i Nordsjøen.
Under toppmøtet deltek også regjeringsleiarar og energiministrar frå Danmark, Tyskland, Belgia, Nederland, Frankrike, Irland og Storbritannia og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen. Næringsliv frå Noreg og dei øvrige landa vil også vere representert.
Møtet er ein oppfølging av konferansen North Sea Summit som fann stad i Esbjerg i mai 2022 der Danmark, Tyskland, Belgia og Nederland deltok.
Toppmøtet startar klokka 15:30 24. april. Les meir på denne nettstaden: https://www.northseasummit23.be/
Statsministeren og olje- og energiministeren vil også gjere eit bedriftsbesøk i Gent i forkant av konferansen der tema er CCS.
Vi legg opp til organisert transport for norsk presse som er med på reisa.
Presse som ønskjer å vere med må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 12. april klokka 16:00. Det vil vere avgrensa plass til presse under toppmøtet.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgiver Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
+ There are no comments
Add yours