Pressemelding | Dato: 30.01.2023
Kommunesektoren fekk ein rekordhøg inntektsvekst, som følgje av ekstra skatteinnbetaling på nær 35 milliardar kroner i 2022. Av dette får kommunane behalde nær 23 milliardar kroner. No kan du sjå kor mykje pengar din kommune sitt att med.
– Skatteutjamninga i inntektssystemet gjer at alle tek del i den ekstra inntektsveksten. Dette er gledelege tal for innbyggarane i alle kommunane i Noreg, seier Gjelsvik.
Vi har no oversikt over korleis inntektsveksten slår ut i dei ulike kommunane:
- Tabell 1: Kommunevise tabell i alt og per innbyggjar, 2021 og 2022. Etter skatteutjamning(XSLX)
- Tabell 2: Tabell for fylkeskommunane. alt og per innbyggjar, 2021 og 2022. Etter skatteutjamning(XSLX)
- Tabell 3. Grupper av kommunar i 2022. I alt og per innbyggjar. Før og etter skatteutjamning(XSLX)
For meir informasjon om bakgrunnen for inntektsveksten, sjå pressemelding: Sterk inntektsvekst for kommunane.
Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00
+ There are no comments
Add yours