For ein samfunnskontrakt kan ikkje byggjast på at staten systematisk svekkjer eigne verdiskaparar og gjer det vanskeleg å drive, investere og skape arbeidsplassar i eige land.
– At eigarar må ta opp lån for å betale formuesskatt, er det mest absurde eg har høyrt.
Det seier Carl Baudenbacher, ein av Europas mest meritterte juristar og den lengstsitjande presidenten i EFTA-domstolen.
– Skattesystemet skadar seg sjølv når eigedelane i selskapa blir likviderte på denne måten. Staten skyt seg sjølv i foten, seier Baudenbacher.
Saman med jurist Dr. Laura Baudenbacher, president i Sveits sin konkurransekommisjon, og professor Mads Andenæs, ein av Noregs fremste juristar, har Baudenbacher utarbeidd ein omfattande samanlikningsstudie. Studien dannar grunnlaget for søksmålet småbedriftseigar Lars Oscar Øvstegård har reist mot staten om formuesskatt på arbeidande kapital.
Ein skatt utan samanlikning
– Vi har undersøkt korleis andre land handterer formuesskatt. Land som har fjerna han, land som har han, og land som vurderer å innføre han, seier Baudenbacher.
Konklusjonen er klar:
– Ein bør ikkje slakte gullhøna. Den norske formuesskatten diskriminerer eigne bedrifter og svekkjer verdiskapinga. Når selskap må selje eigedelar eller ta opp lån for å betale skatt, undergrev systemet sitt eige grunnlag.
Permanent skatt er lovstridig
Eit sentralt poeng i studien er at formuesskatten i Noreg er gjort permanent.
– Formuesskatt skal ikkje vere ein årleg, fast belasting over tid. Slik ho er utforma i Noreg i dag, meiner vi ho er i strid med grunnleggjande rettsprinsipp, seier Baudenbacher.
Advokatane meiner skatten kan vere konfiskatorisk og dermed i strid med Grunnlova § 105, som vernar eigedomsretten. Dei peikar òg på brot på menneskerettane og konkurranselovgivinga.
– Når staten år etter år tek av sjølve kapitalen i ei verksemd, er det i realiteten eit gradvis inngrep i eigedomen, seier Baudenbacher.
Manglande konsekvensanalyse
Dr. Laura Baudenbacher stiller spørsmål ved om styresmaktene i det heile har vurdert konsekvensane av formuesskatten på arbeidande kapital – særleg etter den kraftige auken på 107 prosent under regjeringa Støre.
– Vi har ikkje funne dokumentasjon på ei reell konsekvensanalyse. Myndigheitene har plikt til å gjennomføre slike vurderingar før dei vedtek lover med så store inngrep, seier ho.
Rammar feil – og diskriminerer norske eigarar
– Politikarane seier formuesskatten skal råke dei rikaste. Men i praksis gjer han ikkje det, seier Carl Baudenbacher.
– Dei aller rikaste kan flytte. Det kan ikkje små og mellomstore bedrifter, som utgjer 98 prosent av norsk næringsliv.
Han peikar på at utanlandske eigarar i norsk næringsliv ikkje blir råka av formuesskatten.
– Dersom du er ein svensk eller utanlandsk eigar, betaler du ikkje denne skatten. Det betyr at staten diskriminerer sine eigne eigarar, seier Laura Baudenbacher.
– Normalt vil ein stat beskytte eigne bedrifter mot utanlandsk konkurranse. I Noreg skjer det motsette. Det er svært vanskeleg å forstå.
Når eigarar må ta opp lån for å betale skatt på kapital som allereie er bunde i verksemda, meiner dei tre juristane at grensene for rettsstat og eigedomsvern er nådde.
– At eigarar må låne pengar for å betale formuesskatt, er det mest absurde eg har høyrt, seier Carl Baudenbacher.
Det er no svært mange som følgjer nøye med på kva Høgsterett vil kome til etter at saka blei anka til Høgsterett 2. januar. Spørsmålet er om Lars Oscar får bruke tvistelova for å kunne dokumentere dei konfiskatoriske verknadene av formuesskatten over fleire år – eller om han blir tvinga til å bruke skatteforvaltningslova.
Staten har på si side ønsket at saka skal behandlast etter skatteforvaltningslova, eit regelsett som gir langt snevrare rammer for prøving. Dersom Høgsterett skulle kome til at slike spørsmål ikkje kan prøvast direkte etter tvistelova, men berre indirekte innanfor avgrensa prosessrammer, inneber det i praksis at spørsmålet om staten kan uthole privat eigedom over tid — aldri vil kunne prøvast fullt ut for domstolane.
Denne saka handlar difor like mykje om rettstryggleik som om sjølve formuesskatten.

+ There are no comments
Add yours